Archive for mai, 2009

Historiar frå okkuperte Palestina

torsdag, mai 14th, 2009

SV har sendt ein delegasjon til Israel og dei palestinske områda (som blir nekta tilgang til Gaza). Audun Lysbakken skriv daglege blogg-innlegg frå reisa. Det er tøff lesing, man får eit innblikk i kor forferdelege tilstandane er for det palestinske folket. Dagens innlegg, fire historier om okkupasjon skildrar fire historier frå den tøffe verkelegheita som er der nede.

Eg anbefaler alle å lese desse innlegga for å få eit lite innblikk i korleis desse menneskja har det.

Forskjellen på «åpen kjeldekode» og «fri programvare»

tysdag, mai 12th, 2009

Eg har lagt merke til at mange brukar uttrykka åpen kjeldekode og fri programvare om kvarandre, og sjølv om dette ofte refererer til den same programvara er det viktige forskjellar mellom kva uttrykk man brukar. Eg skal her prøve å få fram forskjellen på dei to tankesetta.

Åpen kjeldekode
Åpen kjeldekode betyr at kjeldekoden til eit program er tilgjengeleg, og under ein spesifikk lisens. Ordet er definert i OSI sin the open source definition. Når man snakkar om åpen kjeldekode snakkar man oftast om den praktiske biten, og gjerne den praktiske biten for selskap og ikkje nødvendigvis enkeltpersonar eller samfunnet. Man har kjeldekoden tilgjengeleg, og det er praktisk fordi man kan fikse ting sjølv og redistribuere endringane, og dette er gratis. Det er altså ikkje snakk om fridom, men heller praktiske måtar å utvikle og distribuere programvare på. Man kan kanskje gå så langt å sei at det er det kapitalistiske uttrykket av dei to, ettersom det baserer seg på kva som er praktisk meir enn moral og fridom. Uttrykket blei i utgangspunktet laga fordi fri programvare visstnok skal ha skremt bort kommersielle aktørar, og man ville heller fokusere på dei praktiske fordelene man fikk med fri programvare (kjelde).

Fri programvare
Fri programvare ser man augneblikkeleg at handlar om fridom (sjølv om mange selskap prøver å vri om det norske ordet «fri» til å bety «gratis» (t.d. «250kr fri ringetid på kjøpet!»), så har dei enno ikkje heilt klart det. Fri programvare har for det meste dei same krava som åpen kjeldekode. Men i staden for å fokusere på business og praktiske fordelar så fokuserer man på samfunnsnytte og det å kunne dele og hjelpe andre.

Fri programvare, som definert av the free software foundation og Richard M. Stallman (som originalt starta fri-programvarebeveginga) er programvare som gir brukaren følgjande fire fridomar:
1. fridomen til å køyre programmet, uansett føremål
2. fridomen til å studere korleis programmet verkar, og tilpasse det til eigne behov
3. fridomen til å redistribuere kopiar av programmet
4. fridomen til å vidareutvikle programmet, og gje det ut med forbetringar, slik at alle får del i forbetringane

Man snakkar altså om fridom og etikk. Det er etisk rett å dele goder med andre, dette gjeld òg for programvare. Det gjer ein samfunnsnytte ved at alle har same rettar og kan bruke den same programvara uansett kva føremålet er, og man kan forbetre programvaren og så dele endringane med andre. Med fri programvare har alle dei same forutsetningane og rettane. Man fokuserar på solidaritet og samarbeid, det heiter fri programvare fordi brukaren er fri. Dette kjem jo i skarp kontrast til åpen kjeldekode, kvar man ikkje fokuserer på brukarens fridomar, eller sammfunsnytte i det heile.

Konklusjon
Eg håpar at dette gjer det litt klarare. For meg er det jo soleklart at det uttrykket som burde bli brukt av sosialistiske politikarar er fri programvare, ettersom dette er heilt på linje med den sosialistiske tankegangen om solidaritet og samarbeid mellom menneskjer.

Meir lesing:
Why open source misses the point (GNU-prosjektet)
What is free software (FSF)
The free software definition (FSF)
The open source definition (OSI)
History of the OSI, spesielt under seksjonen The ‘open source’ label

Ein fri skule

onsdag, mai 6th, 2009

I Noreg i dag er det sånn at det meste man treng på grunnskulen blir betalt av skulen. Bøker, ark og blyantar. Men når det kjem til IT er det eit stort gap. Elevane på mange skular får opplæring i ufrie program som t.d. Microsoft Office og Windows. Sjølv om mange skular brukar OpenOffice.org no, og ein del brukar GNU/Linux er det faktisk ikkje norma, men heller unntaket.

Men, kvifor skal skulane bruke fri programvare, over t.d. Microsoft sine program? Fridom, sjølvsagt. Dei store firmaa vil lære barn opp i at å dele er umoralsk og at det er det same som å stele. Dette er jo så feil som det går an å bli. Noko av grunnen til at det norske samfunnet fungerer såpass bra som den gjer er jo nettopp at man deler på godene. Dette burde òg gjelde IT. Eg ser for meg ein skule der man får utdelt den programvaren man brukar på skulen på ein CD (t.d. i form av ein SkuleLinux, Edubuntu, o.l.) som man kan ta med heim og installere, for så å ha tilgang til all den same programvaren man har på skulen. Denne programvaren kan man så gje vidare til kven man vil, sånn at alle får lik muligheit til å bruke kvalitetsprogramvare heime, uansett om man har råd til å betale store summer til store multinasjonale selskap eller ikkje.

Skulen er med på å forme haldningar og lære god skikk. Den er ikkje til for å vere ein propagandamaskin for kommersielle interesser, man skal sleppe det veldige kjøpepresset som man finn elles i samfunnet i dag. IT er ikkje noko unntak, og fri programvare gir ein heilt spesiell moglegheit til å handfast vise kva som kan kome ut av at folk gjer produkt tilgjengeleg til allmenn nytte, i staden for å tenkje på korleis man kan få mest mogleg penger. Man får utlevert eit ferdig produkt, som man fritt kan både endre og dele med andre.

I tillegg til dette oppfordrar fri programvare òg brukaren til å vere nysgjerrig. Dersom man er interessert i korleis program fungerar så kan man gå så dypt inn i det som man vil. Mange system i dag brukar framleis ein del såkalla «shell-skript», som er eit passeleg enkelt programmerings- (eller skript-) språk, og det finst òg programvare spesielt retta mot barn som lerar enkel programmering. Det er sjølvsagt ikkje noko alle er interessert i, men for dei som har lyst kan dei leike med alle delar av datamaskina så mykje man vil og orkar, for så å kunne dele kva enn man får til med kven man enn ynskjer – utan å bryte nokon som helst lisensavtale.

Barn er intelligente og nysgjerrig skapningar, og dei fortener meir enn å bli lært opp til å vere zombiar som ikkje tør tenkje sjølv, og godtek alt kommersielle interesser seier. Dei er alle individ som fortener å vite at det er greitt å ikkje godta alt som blir dytta mot ein. Dei må få ein motpart til det kjøpepresset man blir utsett for frå alle hald no, og få vite at å dele med andre er bra og medmenneskeleg og så langt borte ifrå den umoralske handlinga mange prøver å sei at det er.

Hemmelig privatpoliti?

tysdag, mai 5th, 2009

(re: Privatpoliti)

I dag blei det kjend at dommen frå Stavanger Tingrett om advokatfirmaet Simonsen får utlever personopplysningar om den dei påstår la ut Max Manus for nedlasting via t.d. The Pirate Bay. Dette er mild sagt utruleg skremmande. Ikkje berre er det mogleg at private aktørar no skal få lov til å leke politi, men me skal ikkje ein gong få vite det. Kva galskap som har fått Stavanger Tingrett til å gjere dette anar eg ikkje, men det virkar veldig udemokratisk å ikkje ein gong gje informasjon om me har rettssikkerhet på internett lenger.

Her er det på tide at politikarar blir involvert, og at me får klargjort kven som er politi i Noreg, og enda viktigare, kven som ikkje er det.

Gratulerer med dagen!

fredag, mai 1st, 2009

Eg tilbrakte dagen med partikameratar i Bergen SV. Her vart det mange gode talar og appellar, av blant anna nestleiar i SV Audun Lysbakken, LO-leiar Roar Flåten og SP-leiar Liv Signe Navarsete. Den samla konklusjonen er klar, me treng eit nytt raudt-grønt fleirtal til hausten – og det kan me klare!