Archive for the ‘Sosialisme’ Category

Stem SV

sundag, september 13th, 2009

Det er no det gjeld! Etter ein lang og bra valkamp er no dagen nesten her. 14. september gjelder det. No kan kvinner få lønn som fortjent, me kan få ein betre skule med plass til alle, me kan få verna Lofoten og Vesterålen frå potensielt katastrofal oljeutvinning og me veit at me har ein finansminister som kan lose Noreg trygt gjennom finanskrisa. Dette og mykje meir kan me få igjennom dei neste fire åra, men berre viss folk går ut og stemmar.

Om du framleis er usikker på kva du vil stemme, ta ein kikk på «Kvifor SV?», http://sv.no/ eller send meg ein e-post (til eskild krøllalfa zerodogg.org) og så skal eg svare så godt eg kan på alle spørsmål du har.

Bruk stemmeretten! Stem SV 14. September. Godt val.

Opp av sofaen!

fredag, august 7th, 2009

No er valkampen så vidt kommet i gong. SV lanserte denne veka oppavsofaen.no, kvar du kan lage personlege talar med Kristin Halvorsen til vener, familie, kjente og tilfeldige folk som treng det. Dette er ein veldig enkel måte å bidra i valkampen, så viss du veit om nokon som kanskje kan trenge litt hjelp, send dei ein videotale om eit emne dei er interessert i.

Elles kan eg anbefale SV sine nettsider for meir utfyllande informasjon om SV sine meiningar.

Ein seier for personvernet

tysdag, juni 23rd, 2009

I dag kom nyheiten om at advokatfirmaet Simonsen ikkje får ny konsesjon til å overvake norske nettbrukarar. Dette er ein veldig gledeleg nyheit, som styrkar personvernet og rettsvernet i Noreg. Trond Giske er sjølvsagt raskt ute og mener at dette er feil, noko som får meg til å lure på kva AP faktisk står for, viss dei går inn for å overføre politioppgåver til private aktørar. Dette er direkte skummelt, og understrekar kor naudsynt det er med eit sterkt SV i den rødgrønne regjeringa for å veie opp mot AP. Eg vil anbefale eventuelle arbeiderpartiveljarar som ikkje vil overføre politimakt over til private til å ta ein vurdering av om dette er eit parti dei vil støtte til hausten, eller om SV vil vere eit betre val.

All ære til Datatilsynet for at dei endeleg har revurdert sitt gamle (og veldig tvilende) syn i denne saka og beskyttar Norske borgarar sitt personvern.

Ein fri skule

onsdag, mai 6th, 2009

I Noreg i dag er det sånn at det meste man treng på grunnskulen blir betalt av skulen. Bøker, ark og blyantar. Men når det kjem til IT er det eit stort gap. Elevane på mange skular får opplæring i ufrie program som t.d. Microsoft Office og Windows. Sjølv om mange skular brukar OpenOffice.org no, og ein del brukar GNU/Linux er det faktisk ikkje norma, men heller unntaket.

Men, kvifor skal skulane bruke fri programvare, over t.d. Microsoft sine program? Fridom, sjølvsagt. Dei store firmaa vil lære barn opp i at å dele er umoralsk og at det er det same som å stele. Dette er jo så feil som det går an å bli. Noko av grunnen til at det norske samfunnet fungerer såpass bra som den gjer er jo nettopp at man deler på godene. Dette burde òg gjelde IT. Eg ser for meg ein skule der man får utdelt den programvaren man brukar på skulen på ein CD (t.d. i form av ein SkuleLinux, Edubuntu, o.l.) som man kan ta med heim og installere, for så å ha tilgang til all den same programvaren man har på skulen. Denne programvaren kan man så gje vidare til kven man vil, sånn at alle får lik muligheit til å bruke kvalitetsprogramvare heime, uansett om man har råd til å betale store summer til store multinasjonale selskap eller ikkje.

Skulen er med på å forme haldningar og lære god skikk. Den er ikkje til for å vere ein propagandamaskin for kommersielle interesser, man skal sleppe det veldige kjøpepresset som man finn elles i samfunnet i dag. IT er ikkje noko unntak, og fri programvare gir ein heilt spesiell moglegheit til å handfast vise kva som kan kome ut av at folk gjer produkt tilgjengeleg til allmenn nytte, i staden for å tenkje på korleis man kan få mest mogleg penger. Man får utlevert eit ferdig produkt, som man fritt kan både endre og dele med andre.

I tillegg til dette oppfordrar fri programvare òg brukaren til å vere nysgjerrig. Dersom man er interessert i korleis program fungerar så kan man gå så dypt inn i det som man vil. Mange system i dag brukar framleis ein del såkalla «shell-skript», som er eit passeleg enkelt programmerings- (eller skript-) språk, og det finst òg programvare spesielt retta mot barn som lerar enkel programmering. Det er sjølvsagt ikkje noko alle er interessert i, men for dei som har lyst kan dei leike med alle delar av datamaskina så mykje man vil og orkar, for så å kunne dele kva enn man får til med kven man enn ynskjer – utan å bryte nokon som helst lisensavtale.

Barn er intelligente og nysgjerrig skapningar, og dei fortener meir enn å bli lært opp til å vere zombiar som ikkje tør tenkje sjølv, og godtek alt kommersielle interesser seier. Dei er alle individ som fortener å vite at det er greitt å ikkje godta alt som blir dytta mot ein. Dei må få ein motpart til det kjøpepresset man blir utsett for frå alle hald no, og få vite at å dele med andre er bra og medmenneskeleg og så langt borte ifrå den umoralske handlinga mange prøver å sei at det er.

Gratulerer med dagen!

fredag, mai 1st, 2009

Eg tilbrakte dagen med partikameratar i Bergen SV. Her vart det mange gode talar og appellar, av blant anna nestleiar i SV Audun Lysbakken, LO-leiar Roar Flåten og SP-leiar Liv Signe Navarsete. Den samla konklusjonen er klar, me treng eit nytt raudt-grønt fleirtal til hausten – og det kan me klare!