Privatpoliti

30/04/2009  - Av: Eskild Hustvedt

Post- og teletilsynet opna for ei lita tid tilbake opp for at private aktørar skal kunne få utlevert personopplysningar om fildelarar, noko som i praksis gjer det mogleg for private aktørar å ta loven i eigne hender. Dette skremmer meg.

Noko av det som er bra med eit rettssamfunn som Noreg er at me har ein, upartisk, instans som etterforskar og som så gjer saken vidare til påtalemyndigheitene (ein anna upartisk instans) dersom dei finn grunnlag for det. Når man plutseleg gjer det mogleg for ein privat aktør å overvake nettbruken til Norske statsborgarar, for så å få utlevert namna til dei som dei påstår har gjort delt filer ulovleg så hoppar man over begge dei instansane. Om eit offer for vald skulle etterforske sin eigen sak, sette angriparane på tiltalebenken og så dømme dei, ville man ha reagert. Så kvifor er det då greit at t.d. filmindustrien, som er dei som påstår at dei er offera for ulovleg fildeling etterforskar sjølv? Det er problematisk på fleire nivå. Den mest åpenbare er jo at ein privat aktør får utlevert personopplysningar frå ein internettlevrandør for å sjølv kunne etterforske eller anklage ein person for fildeling. Viss nokon angripar meg på gata så leiger eg ikkje inn ein advokat som finn ut kven som angrep meg og så går til vedkommande med anklagen. Eg anmeld saka til politiet, som så vil etteforske og kanskje gje saka videre til påtalemyndigheitene. Den andre er jo at dei ikkje må bevise noko som helst, dei sender anklagen direkte til fildelaren (t.d. i form av ein rekning på det beløpet dei påstår dei har tapt grunna din fildeling), og sjølv om man i eit sånt tilfelle ikkje er pålagt å betale noko som helst kan eg tenkje meg at mange vil gjere det. Og når man så har gjort det så har man gått ein runde i rettsapparatet, berre ikkje det upartiske og offisielle rettsapparatet.

Ein privat aktør har overvaka kva du gjer, den har så fått utlevert personopplysningar om deg, vidare har dei sendt deg ein anklage om at du har gjort noko ulovleg og gitt deg ein bot for det (dømd deg), og til slutt har du sagt det skuldig og fått straff (i form av ein “bot”). Den einaste gongen det var i kontakt me det faktiske rettsvesenet var for å få utlevert personopplysningar om deg for eit påstått lovbrott, noko som før var politiets jobb. Det skremmer meg.

Og kvifor skal desse private aktørane få spesialbehandling? Eg ser absolutt inga grunn til det. Det er politiets oppgåve å etterforske lovbrott, ikkje private aktørar. Men politiet har kanskje ikkje ressursar til å prioritere desse sakene, er det ikkje då greitt om private tek seg av det? Nei. Om politiet prioriterer t.d. ein valdtektssak før ein 15 åring som deler ein film synst eg det er heilt greitt. Menneskjer er faktisk mykje viktigare enn pengar og profitt. Eg håpar no at datatilsynet sett ein stoppar for galskapen ved å trekke tilbake konsesjonen som advokatfirmaet Simonsen har fått til å overvake Norske nettbrukarar. Om du har ein mistanke om lovbrudd, ta kontakt med politiet, og ikkje Simonsen.

Ytringsfridom til møde

29/04/2009  - Av: Eskild Hustvedt

I det siste har det vore mykje storm rundt tildelinga av fritt ords pris for 2009. Eg skal ikkje gå inn på den direkte kritikken av Nina Karin Monsen, ettersom det allereie har blitt gjort uttallige gonger (og med god grunn, å gje ein pris for å t.d. samanlikne homofili med psykisk utviklingshemning er direkte motbydeleg). Det eg no reagerer på er at fritt ord setter ein stoppar for ein planlagt protest (eller kjærleiksmarkering, som LLH kallar den) kvar blant anna Kim Friele skulle halde ein tale.

At ein organisasjon som fritt ord, som har ein formålsparagraf som seier «Institusjonen Fritt Ords fremste formål er å verne om og styrke ytringsfriheten og dens vilkår i Norge, særlig ved å stimulere den levende debatt og den uredde bruk av det frie ord.» (kjelde) skal blokkere ein protest, ein uredd bruk av det frie ord om du vil, mot ein pris som dei delar ut er direkte merkeleg. Ein skulle ha trudd at Fritt Ord i denne samanhengen ville ha hoppet på ein moglegheit til å stimulere til ein særdeles levende debatt ute i det offentlege rom, i stadet for å blokkere forsøket. Det setter jo eit visst spørjeteikn ved organisasjonens villighet til å godta frie ytringar, ikkje berre når det passar dei, men òg når grupperingar ynskjer å ytre seg på eit tidspunkt kvar det kanskje kan sette fokus på deira eigne kontroversielle handlingar.

Kim Friele mottok forøvrig fritt ords pris i 1978 «for hennes innsats for å skape forståelse for de homofiles situasjon». I år gir dei same prisen til nokon som gjer noko som liknar på det motsatte, og i same pust blokkerar ein tidlegare vinnar til å protestere.

Hei verden!

29/04/2009  - Av: Eskild Hustvedt

Mitt namn er Eskild Hustvedt, og dette er min Norske blogg.

Eg har allereie ein Engelsk blogg som tar for seg meir tekniske tema. Denne vil ta opp meir politiske tema (og vil vere på Norsk).

Ein kort oppsummering av mine hovudstandpunkt er at eg er medlem av SV, nei til EU og human-etisk forbund, i tillegg til å vere ein aktiv forkjempar av fri programvare (både som aktivist og utviklar).