Eskild Hustvedt (arkivert blogg)

Sosialisme, humanisme, fri programvare og sånt

Ytringsfridom til møde

I det siste har det vore mykje storm rundt tildelinga av fritt ords pris for 2009. Eg skal ikkje gå inn på den direkte kritikken av Nina Karin Monsen, ettersom det allereie har blitt gjort uttallige gonger (og med god grunn, å gje ein pris for å t.d. samanlikne homofili med psykisk utviklingshemning er direkte motbydeleg). Det eg no reagerer på er at fritt ord setter ein stoppar for ein planlagt protest (eller kjærleiksmarkering, som LLH kallar den) kvar blant anna Kim Friele skulle halde ein tale.

At ein organisasjon som fritt ord, som har ein formålsparagraf som seier «Institusjonen Fritt Ords fremste formål er å verne om og styrke ytringsfriheten og dens vilkår i Norge, særlig ved å stimulere den levende debatt og den uredde bruk av det frie ord.» (kjelde) skal blokkere ein protest, ein uredd bruk av det frie ord om du vil, mot ein pris som dei delar ut er direkte merkeleg. Ein skulle ha trudd at Fritt Ord i denne samanhengen ville ha hoppet på ein moglegheit til å stimulere til ein særdeles levende debatt ute i det offentlege rom, i stadet for å blokkere forsøket. Det setter jo eit visst spørjeteikn ved organisasjonens villighet til å godta frie ytringar, ikkje berre når det passar dei, men òg når grupperingar ynskjer å ytre seg på eit tidspunkt kvar det kanskje kan sette fokus på deira eigne kontroversielle handlingar.

Kim Friele mottok forøvrig fritt ords pris i 1978 «for hennes innsats for å skape forståelse for de homofiles situasjon». I år gir dei same prisen til nokon som gjer noko som liknar på det motsatte, og i same pust blokkerar ein tidlegare vinnar til å protestere.