Eskild Hustvedt (arkivert blogg)

Sosialisme, humanisme, fri programvare og sånt

Ein fri skule

I Noreg i dag er det sånn at det meste man treng på grunnskulen blir betalt av skulen. Bøker, ark og blyantar. Men når det kjem til IT er det eit stort gap. Elevane på mange skular får opplæring i ufrie program som t.d. Microsoft Office og Windows. Sjølv om mange skular brukar OpenOffice.org no, og ein del brukar GNU/Linux er det faktisk ikkje norma, men heller unntaket.

Men, kvifor skal skulane bruke fri programvare, over t.d. Microsoft sine program? Fridom, sjølvsagt. Dei store firmaa vil lære barn opp i at å dele er umoralsk og at det er det same som å stele. Dette er jo så feil som det går an å bli. Noko av grunnen til at det norske samfunnet fungerer såpass bra som den gjer er jo nettopp at man deler på godene. Dette burde òg gjelde IT. Eg ser for meg ein skule der man får utdelt den programvaren man brukar på skulen på ein CD (t.d. i form av ein SkuleLinux, Edubuntu, o.l.) som man kan ta med heim og installere, for så å ha tilgang til all den same programvaren man har på skulen. Denne programvaren kan man så gje vidare til kven man vil, sånn at alle får lik muligheit til å bruke kvalitetsprogramvare heime, uansett om man har råd til å betale store summer til store multinasjonale selskap eller ikkje.

Skulen er med på å forme haldningar og lære god skikk. Den er ikkje til for å vere ein propagandamaskin for kommersielle interesser, man skal sleppe det veldige kjøpepresset som man finn elles i samfunnet i dag. IT er ikkje noko unntak, og fri programvare gir ein heilt spesiell moglegheit til å handfast vise kva som kan kome ut av at folk gjer produkt tilgjengeleg til allmenn nytte, i staden for å tenkje på korleis man kan få mest mogleg penger. Man får utlevert eit ferdig produkt, som man fritt kan både endre og dele med andre.

I tillegg til dette oppfordrar fri programvare òg brukaren til å vere nysgjerrig. Dersom man er interessert i korleis program fungerar så kan man gå så dypt inn i det som man vil. Mange system i dag brukar framleis ein del såkalla «shell-skript», som er eit passeleg enkelt programmerings- (eller skript-) språk, og det finst òg programvare spesielt retta mot barn som lerar enkel programmering. Det er sjølvsagt ikkje noko alle er interessert i, men for dei som har lyst kan dei leike med alle delar av datamaskina så mykje man vil og orkar, for så å kunne dele kva enn man får til med kven man enn ynskjer - utan å bryte nokon som helst lisensavtale.

Barn er intelligente og nysgjerrig skapningar, og dei fortener meir enn å bli lært opp til å vere zombiar som ikkje tør tenkje sjølv, og godtek alt kommersielle interesser seier. Dei er alle individ som fortener å vite at det er greitt å ikkje godta alt som blir dytta mot ein. Dei må få ein motpart til det kjøpepresset man blir utsett for frå alle hald no, og få vite at å dele med andre er bra og medmenneskeleg og så langt borte ifrå den umoralske handlinga mange prøver å sei at det er.