Eskild Hustvedt (arkivert blogg)

Sosialisme, humanisme, fri programvare og sånt

Forskjellen på «åpen kjeldekode» og «fri programvare»

Eg har lagt merke til at mange brukar uttrykka åpen kjeldekode og fri programvare om kvarandre, og sjølv om dette ofte refererer til den same programvara er det viktige forskjellar mellom kva uttrykk man brukar. Eg skal her prøve å få fram forskjellen på dei to tankesetta.

Åpen kjeldekode Åpen kjeldekode betyr at kjeldekoden til eit program er tilgjengeleg, og under ein spesifikk lisens. Ordet er definert i OSI sin the open source definition. Når man snakkar om åpen kjeldekode snakkar man oftast om den praktiske biten, og gjerne den praktiske biten for selskap og ikkje nødvendigvis enkeltpersonar eller samfunnet. Man har kjeldekoden tilgjengeleg, og det er praktisk fordi man kan fikse ting sjølv og redistribuere endringane, og dette er gratis. Det er altså ikkje snakk om fridom, men heller praktiske måtar å utvikle og distribuere programvare på. Man kan kanskje gå så langt å sei at det er det kapitalistiske uttrykket av dei to, ettersom det baserer seg på kva som er praktisk meir enn moral og fridom. Uttrykket blei i utgangspunktet laga fordi fri programvare visstnok skal ha skremt bort kommersielle aktørar, og man ville heller fokusere på dei praktiske fordelene man fikk med fri programvare (kjelde).

Fri programvare Fri programvare ser man augneblikkeleg at handlar om fridom (sjølv om mange selskap prøver å vri om det norske ordet «fri» til å bety «gratis» (t.d. «250kr fri ringetid på kjøpet!»), så har dei enno ikkje heilt klart det. Fri programvare har for det meste dei same krava som åpen kjeldekode. Men i staden for å fokusere på business og praktiske fordelar så fokuserer man på samfunnsnytte og det å kunne dele og hjelpe andre.

Fri programvare, som definert av the free software foundation og Richard M. Stallman (som originalt starta fri-programvarebeveginga) er programvare som gir brukaren følgjande fire fridomar:

  1. fridomen til å køyre programmet, uansett føremål
  2. fridomen til å studere korleis programmet verkar, og tilpasse det til eigne behov
  3. fridomen til å redistribuere kopiar av programmet
  4. fridomen til å vidareutvikle programmet, og gje det ut med forbetringar, slik at alle får del i forbetringane

Man snakkar altså om fridom og etikk. Det er etisk rett å dele goder med andre, dette gjeld òg for programvare. Det gjer ein samfunnsnytte ved at alle har same rettar og kan bruke den same programvara uansett kva føremålet er, og man kan forbetre programvaren og så dele endringane med andre. Med fri programvare har alle dei same forutsetningane og rettane. Man fokuserar på solidaritet og samarbeid, det heiter fri programvare fordi brukaren er fri. Dette kjem jo i skarp kontrast til åpen kjeldekode, kvar man ikkje fokuserer på brukarens fridomar, eller sammfunsnytte i det heile.

Konklusjon Eg håpar at dette gjer det litt klarare. For meg er det jo soleklart at det uttrykket som burde bli brukt av sosialistiske politikarar er fri programvare, ettersom dette er heilt på linje med den sosialistiske tankegangen om solidaritet og samarbeid mellom menneskjer.

Meir lesing: Why open source misses the point (GNU-prosjektet) What is free software (FSF) The free software definition (FSF) The open source definition (OSI) History of the OSI, spesielt under seksjonen The ‘open source’ label