Eskild Hustvedt (arkivert blogg)

Sosialisme, humanisme, fri programvare og sånt

Ein seier for personvernet

I dag kom nyheiten om at advokatfirmaet Simonsen ikkje får ny konsesjon til å overvake norske nettbrukarar. Dette er ein veldig gledeleg nyheit, som styrkar personvernet og rettsvernet i Noreg. Trond Giske er sjølvsagt raskt ute og mener at dette er feil, noko som får meg til å lure på kva AP faktisk står for, viss dei går inn for å overføre politioppgåver til private aktørar. Dette er direkte skummelt, og understrekar kor naudsynt det er med eit sterkt SV i den rødgrønne regjeringa for å veie opp mot AP. Eg vil anbefale eventuelle arbeiderpartiveljarar som ikkje vil overføre politimakt over til private til å ta ein vurdering av om dette er eit parti dei vil støtte til hausten, eller om SV vil vere eit betre val.

All ære til Datatilsynet for at dei endeleg har revurdert sitt gamle (og veldig tvilende) syn i denne saka og beskyttar Norske borgarar sitt personvern.