Eskild Hustvedt (arkivert blogg)

Sosialisme, humanisme, fri programvare og sånt

Menneskene bak

No er det ikkje «asylsøkjarar». Det er ikkje «innvandrarar». Det er Marie Amelie. Eit heilt ekte menneske. Ho har kjensler, vener, meiningar. Det er på tide med ein endring i asylpolitikken i dette landet. Me er eit av verdas rikaste land, men me vil ikkje ha noko av «dei andre». Men no ser me menneskene bak dei skumle orda, og folk reagerar. No er det på tide å slutte å snakke om den «strenge» innvandringspolitikken, som om det er noko sjølvsagt, noko me må ha for å unngå at skumle innvandrarar kjem her og utnyttar vår gavmildhet. Her er noko som kanskje overraskar: dei er alle mennesker. Heilt ekte mennesker, som du, meg og Maria. Neste gang man ønsker å vere «strenge», slutt med distanseringsspråket. Ta eit lite minutt ut av dit eige liv og tenk kva du ville gjort om du hadde budd meir utsatte steder i verden. Tenk deg om ein ekstra gang at det er mennesker me snakkar om, mennesker som treng vår hjelp, og i tilfellet med dei såkalla «papirlause» - mennesker som faktisk har tilbrakt veldig lang tid i Noreg.

Marie Amelie er eit symbol for den umenneskelege (unnskyld, «strenge») innvandringspolitikken me har her til landet. Ho er langt ifrå den eineste, men ho er ei kvinne som tør å si ifra - og takken er at ho blir kasta ut av Noreg. Ut av syne, ut av sinn - det er så mykje greiere når alle desse «innvandrarane» berre blir på det fine papiret statistikken blir skrevet ut på, og der har dei berre med å halde seg.

Me gjer mykje bra her i landet, men måten me behandlar medmennesker i nød er ingenting anna enn skammeleg. Rettsikkerheitsprinsippet «uskyldig til det motsatte er bevist» gjeld ikkje om du søkjer hjelp, då antar me det verste fram til du kan bevise noko anna - og om du kan bevise noko anna, ja så antar me det likevel.

La Maria Amelie, og dei tusenvis av andre «papirlause» i Noreg få bli. Gjenopprett medmenneskelegheita og rettssikkerheita i asyl- og flyktningepolitikken.