Eskild Hustvedt (arkivert blogg)

Sosialisme, humanisme, fri programvare og sånt

«Fagbevegelsen, fagbevegelsen, fagbevegelsen»

«Fagbevegelsen, fagbevegelsen, fagbevegelsen». Den no rimeleg kjende mantraen frå Martin Kolberg lyder litt hult. I staden for at Arbeiderpartiet skal vere fagbevegelsens støttespelarar forventer no AP at fagbevegelsen skal vere deira støttespelarar, og då byrjar det å bli skummelt. Det virkar litt som om all logringa for EU har resultert i at AP har tatt av og fullstendig mista bakkekontakten.

Så, om arbeiderpartiet no dolkar fagbevegelsen fullstendig i ryggen er det kanskje på tide å kome til oss i SV. Me kan kanskje ikkje hindre det om AP trumfar det igjennom, men me kan ta ut kniven, gje såret tid til å gro, og så kan me samla stå saman ved neste val og kjempe med nebb og klør for eit anstendig arbeidsliv, og ein ekte raud-grøn regjering kvar hovudvekta ligg trygt plassert saman med fagbevegelsen ved at SV er det største partiet i regjering.

Dette er sjølvsagt sett på spissen, men om noko understrekar kor viktig det er for fagbevegelsen at man ikkje set sin lit i at arbeiderpartiet gjer det rette åleine er det dette.

«Men kvifor tek du berre opp AP i dette?». Vel, fordi at alle problema med direktivet har blitt dekket andre steder ganske godt allereie, og det som gjenstår er å la AP vise kva som er viktig, «EU, EU, EU» eller «fagbevegelsen, fagbevegelsen, fagbevegelsen». Eg veit kva eg meiner - no må dei tenkje seg godt om. Det er ingen skam å snu, men det er ein lang veg tilbake om man går for EU.