Eskild Hustvedt (arkivert blogg)

Sosialisme, humanisme, fri programvare og sånt

Lysbakken bør ikkje trekke seg

No som heile medie-Noreg prøver å grave opp kvart einaste SV-medlem som er skeptiske til Lysbakken føler eg for å stille opp med litt motvekt: Lysbakken bør ikkje trekkje seg. Han er og blir den beste leiarkandidaten me har.

Det blir påstått at det ikkje er mogleg å ha ein partileiar utanfor regjeringa. Ja, det vil nok by på nokre utfordringar - men eg vil gjerne minne om kven han skal leie. Han skal ikkje leie «den raud-grøne regjeringa, avd. venstresida», han skal leie Sosialistisk Venstreparti. No har det seg sånn at SV sit i regjering, men det tyr ikkje at regjeringa skal velje SV-leiar, eller at SV skal velje ein leiar med utgangspunkt i kva som passar regjeringa.

Det me skal gjere er å velje den beste leiaren for partiet. Eg meiner at det framleis er Audun Lysbakken. Det er ikkje å nekte for at han har gjort nokre feil, men han har stått opp og tatt ansvar for det - gjer det han til ein dårlegare leiar? Det trur eg ikkje. No som Kristin Halvorsen har uttrykt støtte til Audun påstår nokon òg at dette er på ein eller anna rar måte diktert av SV sentralt. Eg ynskjer lykke til med å prøve å dytte meg inn i den båsen.

Helgas landsmøte blir kanskje ikkje heilt det me hadde tenkt oss. Men me skal uansett velje leiar, og eg er like overbevist som eg lenge har vore om at me har funnet rett person: Audun Lysbakken.