Eskild Hustvedt (arkivert blogg)

Sosialisme, humanisme, fri programvare og sånt

Innvandringspolitiske hensyn

«Innvandringspolitiske hensyn» heiter det så fint. Det er grunnen til at 450 heilt ekte bårn skal kastast på hodet ut av Noreg. Eg kjem no nettopp heim frå torgallmenningen kvar eg og 100-vis av Bergenserar demonstrerte mot den Norske asylpolitikken. Det er godt å sjå så mange mennesker som stiller opp og er medmennesker for nokon som dei fleste ikkje kjenner personleg.

Men likevel sit eg no her litt spørjande. For no roper alle at politikarane må ta ansvar og settje ein stoppar for denne umennesklege politikken. Og sjølvsagt må dei gjere det, det skulle no berre mangle. Men her er problemet, det har seg ein gong sånn at dette er den politikken man har stemt fram, og skreket etter i fleire år. Vel, no er me der dykk ville, no veier «innvandringspolitiske hensyn» tyngre enn mennesklege. No er menneskene redusert frå ekte levende mennesker, til tal i statistikken - og den statisitikken skal ned, koste kva det koste vil, for dette får man veljarar av. Om det er noko eg skulle ynskje i dag er at alle dei som ikkje var på torgallmenningen ser litt på seg sjølv, og ser litt på kva resultata av det fiendtlege og tildels hatefulle synet på innvandrarar resulterar i.

Her må regjeringa ta ansvar. SV har sagt klart ifrå om kva me meiner, og no bør òg Jens Stoltenberg og Grete Faremo få augnene opp. Men, det er minst like viktig at alle som sit heime, du som veljar tek ansvar. Det er lett å kritisere no som ting stormer - det er jo heilt ekte mennesker det er snakk om. Men det går fort over i den same fiendtlege retorikken når dette har lagt seg.

Eg stemte SV i 2009, det betyr at eg kan stå med rak rygg, for eg stemte for ein menneskleg asylpolitikk. Om du stemte for den politikken som no føres har du ein sjanse til å endre det i 2013. Husk det, og ta ansvar.

Til slutt vil eg berre sei det som skulle vere sjølvsagt: Nathan og dei 449 andre bårna må få permanent opphald i Noreg. Me kan ikkje tillate at mennesker blir redusert til kun eit tal i ein statistikk. Det handlar enkelt og greit om å vere medmennesker. At me bur i verdas rikaste land er inga grunn til å bli egosentriske og fiendtlege - snarare tvert imot.