Eskild Hustvedt (arkivert blogg)

Sosialisme, humanisme, fri programvare og sånt

Lappeteppe

Ah, kapitalisme i praksis. Sjansen til å vise oss på venstresida at me tar feil og at kapitalismen er eit fantastisk system som gangner oss alle! Eller?

Ta det holete lappeteppet man kallar bustadmarknad her i Noreg. Her har marknadskreftene fått herje fritt i lange tider no, så det burde vel vere eit kjempeeksempel på kor bra det fungerer. Og jammen har me tatt feil, for her er det lagt fantastisk godt til rette for at unge lett kan komme seg inn på bustadmarkedet. Man treng jo berre rike foreldre, og så er det i boks - null problem. Det fine er jo òg at verdien på ingen måte er kunstig oppblåst, og det er ingen fare for at heile teppet raknar dersom man kjem borti ein av trådane. Stabilitet og føreseielegheit er nøkkelord her.

I den evige jakta på meir pengar tar man ikkje omsyn til noko som helst, så lenge det ikkje kan gå ut over profitten. Dei som ikkje har rike foreldre som kan kjøpe bustad til de må då gå andre stader, og det blir då nødvendigvis den like oppblåste leiemarknaden. Høgresidas «løysingar» på problema er jo òg heilt geniale. For det første må me privatisere meir, det seier seg jo sjølv. Når det openbart fungerer så enormt bra her, må jo meir vere betre. Og så må me gjere det enklare å spare, fordi det er jo openbart at man ikkje kan spare nok i BSU som er det store problemet. Det handlar ikkje om at prisen på bustader er skyhøy - for høge bustadprisar kan da ikkje vere noko anna enn positivt, det betyr jo meir profitt!

Ein dag kjem nokon til å sjå ein laus tråd i lappeteppet, og då kjem dei gjerne til å dra litt i den, og då raknar heile greia. I mellomtida kjem kapitalistane til å berre sy på nokre nye lappar kvar gong det kjem eit nytt hål.

Eg foreslår eit alternativ: ikkje-kommersiell bustadbygging, både til leige og eige. Alle treng ein bustad, og jakta på profitt bør ikkje få stå i vegen.