Eskild Hustvedt (arkivert blogg)

Sosialisme, humanisme, fri programvare og sånt

Vidare for helsefag

No har kunnskapsdepertementet gått inn for å innføre ein forsøksordning der mellom anna Helsefagarbeidarar kan søkje seg inn på sjukepleiarutdanninga utan generell studiekompetanse. Det kjem vel ikkje som ein overrasking at eg synst dette er eit flott tiltak. Det største problemet med forslaget er alle kommentarane som poppar opp.

La meg fyrst ta det enkle, som det ser ut til at majoriteten har vanskar med å forstå: elevar som tek yrkesfag er ikkje mindre intelligente enn dei som tek allmenn. Eg blir ærleg talt oppgitt av at eg har ei kjensle av at dette er noko eg må skrive - det burde ikkje vere naudsynt lenger. Når det er sagt er ikkje alle argumenta mot ordninga like nedlatande som dette.

Vidare, ein argumenterer med at personar med yrkesfag ikkje er kvalifiserte til å ta høgare utdanning. Dette kan vere til dels korrekt, men det er ingen som foreslår at alle skal kunne søkje seg inn på all utdanning uavhengig av bakgrunn. Forslaget er at ein helsearbeidar skal kunne gå vidare til å bli ein sjukepleiar. Det er vanskeleg å seie at ein utdanning som helsearbeidar ikkje er relevant til å ta ein utdanning som sjukepleiar.

For dei som måtte trenge ei påminning, for å få allmennfagleg studiekompetanse når ein har yrkesfag må ein altså ta eit ekstra år, med fire fag: Norsk, Matematikk, Historie og Naturfag. Det er altså det alt dette handlar om, eit ekstra år med desse faga. I Norsk er det litteraturhistorie samt sjangertrekk som er i fokus - spesielt relevant for ein utdanning som sjukepleiar er det vel strengt tatt ikkje. Vidare er det Historie, det er eit viktig fag, ja, men er det viktigare for ein sjukepleiar enn ein helsearbeidar? Tvilsamt. Så er det naturfag, og der er det jo kanskje inntil to heile kapitler med t.d. anatomi. Her skulle ein tru at to år med mellom anna grunnleggjande sjukepleie, helsefremjande arbeid, lære om sjukdommar osv. er nok til å erstatte dei sidene i naturfagboka (om du er usikker, er svaret her eit stort ja). Til slutt har me elefanten i rommet: matematikk. Strykprosenten på medisinrekning er stor, det er sjølvsagt ein utfordring, men det er eit problem som eksisterer før denne ordninga, og er noko som må bli reparert uavhengig av den. Elles er det heller ikkje nokon automatikk i at elevar som har teke yrkesfag er dårlegare i matematikk enn dei som har teke allmenn - hugs at inntakskravet for alle dei som har strøket til no har vore allmennfagleg studiekompetanse.

At ein har teke allmenn, eller høgare utdanning gir inga rett til å dømme dei som ikkje har teke det - spesielt ikkje med utgangspunktet: dei har det ikkje, difor er dei dårlegare. Denne ordninga er i fleire andre land, og verkar der. Sjølv feirar eg at Noreg tek eit skritt i retning av eit litt mindre firkanta utdanningssystem.