Eskild Hustvedt (arkivert blogg)

Sosialisme, humanisme, fri programvare og sånt

Konservativ?

Eg har blitt kalla mykje rart, men aldri før «konservativ». Men det var før debatten om tidleg ultralyd. No høyrer eg altså i følgje nokon til dei «konservative». Eg meiner ikkje at den merkelappen passar, men eg har blitt kalla mykje som ikkje passar før, så eg tek meg ikkje så nær av det denne gangen heller.

Eg synst likevel at det er på tide med eit lite oppgjer her. Fyrst, eg har aldri argumentert mot abort - sjølv støttar eg utviding av sjølvbestemt abort sånn det står i SV sitt program (og gjekk under parolen «Beskytt abortloven» 8. Mars). Like fullt vart eg no gruppert saman med dei som argumenterer for innstramming av abortloven, uavhengig av kva eg meiner.

Vidare er eg altså mann, noko eg sjølvsagt beklagar. Eg forstår til dels at ein mann skal tråkke litt forsiktig i debattar om sjølvbestemt abort - det er trass alt ikkje min kropp det er snakk om. Men dette er ikkje ein debatt om sjølvbestemt abort.

Eg var for tidleg ultralyd i byrjinga, men etter å ha sett forkjemparane argumentere for tidleg ultralyd vart eg overbevist i motsett retning. Eg er òg framleis open for gode argument (elles hadde eg vore ein fundamentalist), men har ikkje høyrd noko overbevisande enno. Eg vil òg veldig gjerne køyre debatt, men på eit sakleg grunnlag - ikkje på grunnlag av eit uendeleg tal på anekdotar. Argumenta mot er allereie dekka godt andre stader, så dei skal eg ikkje referere her og no.

Sidan det kanskje ikkje er heilt tydeleg frå teksten over skal eg framsette kva poenga mine er:

  • Ein kan ikkje ekskludere nokon frå ein debatt basert på kjønn.
  • Det er mogleg å debattere på sakleg grunnlag, utan å tildele folk meiningar dei ikkje har
  • Sjølv om ei sak er kjensleladd kan det vere lurt å høyre på motparten, og svare på argument med motargument i staden for å gå til angrep