Eskild Hustvedt (arkivert blogg)

Sosialisme, humanisme, fri programvare og sånt

Er mannlege spelentusiastar kjønnsforvirra?

Spelindustrien har eit problem med sterke kvinner. Det ser ut til å vere opplest og vedteke at kvinner ikkje speler spel, og menn vil helst ikkje spele som kvinner. Og om ein absolutt må ha ei kvinne med i eit spel, så må ein passe på at ho har minst mogleg klede på - ingenting vernar så godt mot sverdslag som ein BH og ei truse laga av ringbrynje (eller liknande)!

Sexfiksert er andre medie òg, men det gjer det ikkje noko betre. I tillegg, kvifor skal ein konsekvent ha mannlege hovudpersonar i nesten alle spel? Eg har høyrd nokon frå spelindustrien uttale at «ingen menn vil spele kvinner». Jaha? Det var jo ei veldig spesiell haldning. Eg speler sjølv spel, og eg veit at eg korkje er ein magikar eller etterforskar, men det gjer det jo på inga måte mindre morosamt å spele. Det er heller ikkje sånn at eg byrjar å lure på når eg skal få mensen etter at eg har spelt eit spel med ein kvinneleg hovudperson (ikkje at det skjer ofte, så få spel som faktisk har det).

Er menn verkeleg så redde for sterke kvinner at ein motsett seg å spele ei? Ein må altså ha ei «macho»-grunn til å spele noko, som til dømes å «beskytte ho frå å bli valdteken» eller for å sjå på halvnakne kvinner? Dette er rett og slett tragisk.

Og kva skjer når ei kvinne prøvar å setje fokus på problemet? Jo, ho blir angrepet av det som vanskeleg kan skildrast som noko anna enn ein massiv mobbekampanje frå mannssjåvinistiske spelarar. Det er til å bli kvalm av.

Problemet ligg openbart ikkje berre hos spelindustrien. Til dømes vart kvinnelege spelarar av online-spel jamleg trakassert fordi dei er kvinner. Anten ved seksuelle tilnærmingar eller latterleggjering. Ein speler eit spel for å slappe av og ha det gøy, uavhengig av kjønn, og då er det trist at sånn som dette framleis skjer.

Her er det altså ein jobb å gjere, både for spelindustrien og for spelarane. Det er på inga måte alle som bidreg til problemet, det finst mange spelarar som har lært seg grunnleggjande folkeskikk, og det finst òg spel med gode kvinnelege hovudpersonar. For dei som er interessert i problemstillinga anbefaler eg å sjå «Tropes vs Women in video games» frå Feminist Frequency, fyrste episode er ute no og er tilgjengeleg (gratis) på YouTube.