Eskild Hustvedt (arkivert blogg)

Sosialisme, humanisme, fri programvare og sånt

Strutsenasjonen

Etter grundige undersøkingar har eg kome fram til ein konklusjon: Noreg er eit land som består i hovudsak av struts, eller kvartfall av folk som er nære slektningar av struts. Ser ein noko ein ikkje likar, ja då stikk ein det metaforiske hovudet i jorda, gjerne gjennom forbod.

Det nyaste dømet er forbodet mot tigging (som det heiter på fint). Dei fine norske strutsane klarer ikkje å sjå at det finst folk (ja, eg veit at det er kontroversielt å kalle tiggarar for folk, men eg gjer det no likevel) som har det så dårleg at dei ikkje ser noko anna val enn å setje seg på gata og tigge.

No er eg inga ekspert på strutsar, men om eg skal dømme ut frå deira nære slektningar, det norske folk, så vil eg seie at solidariteten ikkje står sterkt hos desse dyra. Ein er blitt så vand med å ha det bra, at når ein ser nokon andre som ikkje har det så vil ein berre ha dei vekk. Og det blir jo berre verre når desse menneska ikkje ein gang er norske. Kan dei ikkje berre dra heim og lide der, må dei absolutt gjere det her?

Eg er kanskje naiv, men eg har problem med å forstå hatet og avskyen. Kvifor er det kontroversielt å ville hjelpe, men ukontroversielt å kaste folk ut som om dei er søppel? Eg etterlyser humaniteten og solidariteten. I staden for å gjere det ulovleg å sove ute, kanskje det hadde vore ein idé å gitt dei som må sove ute ein skikkeleg plass å sove? I staden for å gjere det ulovleg å vere desperat nok til å måtte spørje ukjende folk om pengar, kanskje me kunne ha gitt dei hjelp sånn at dei slapp å ende opp som tiggarar?

Me er ikkje fødd struts, det er eit resultat av eit val, det er ikkje for seint å trekkje hovudet opp av jorda, sjå oss rundt, og velje å vere medmenneske.