Eskild Hustvedt (arkivert blogg)

Sosialisme, humanisme, fri programvare og sånt

KRL igjen

Då skal altså KRL innførast på nytt. Eg lurar litt på kva KrF trudde responsen kom til å vere, og om dei faktisk er så naive at dei trur at dette ikkje vil auke konfliktnivået om faget.

Rett nok er det strengt tatt ikkje KRL som skal innførast, men KRLE. Dei har altså skjønt at etikk er nyttig, men elles er det lite anna å hente. Det er vanskeleg for meg å forstå at majoriteten si religion er så enormt viktig at sjølve ordet «religion» ikkje er nok til å skildre det faktum at den er med. Nei, for å understreke kor viktig og sentral den er må sjølve namnet på religionen med i fagnamnet. Det verkar rett og slett litt som om KrF er litt desperate og ikkje heilt veit kva dei skal gjere i ei tid kor den delen av folket som er praktiserande kristne går nedover. Dei kunne nesten like gjerne ropt ut «me skal vere kristne!».

Ikkje berre er kristendommen så utruleg viktig at den må vere med i namnet, den må òg dikterast til å vere minst 55% av faget. Eg må sei eg blir litt forundra når ein framleis påstår at faget ikkje skal vere forkynnande. Det er jo heilt openbart kva religion som er rett og norsk, det er kristendommen. Dei andre religionane er nettopp det, «dei andre». Om faget faktisk ikkje skal vere forkynnande men vere informerande om religionar og bidra til forståing kan vel dette umogleg vere rett veg å gå? Dessutan, om målet er, som Dagrunn Eriksen påpeikte fleire ganger i Debatten på NRK1 3. oktober, at ein skal forstå allusjonar til bibelen i litteratur er vel norskfaget ei mykje betre plass til å ha dette ettersom det har lite med religionen i seg sjølv å gjere. Men det er kanskje for klinisk for KrF?

Når ein tek omsyn til både K-en og 55%-kravet er det heller ikkje til å unngå å ta opp skulegudstenestene. I dag har me eit forbod mot forkynning i RLE-faget, kor godt dette forbodet fungerer kan diskuterast, men det er der. Men me har ikkje forbod mot forkynning i skulen generelt. Å då tru at KRLE med 55% kristendom ikkje blir sett i samanheng med dei forkynnande gudstenestene er rett og slett for meg uforståeleg.

Elles hadde eg venta dette frå KrF, men ikkje frå Venstre, Høgre eller FRP. Venstre har vore opne om at dei var mot men tapte, ei ærleg sak, men Høgre og FRP er det verre med. Båe partia heiv rundt ordet «personleg fridom» i valkampen som om det skulle vere magisk skattekuttande stjernestøv. No blir det pinleg openbart kva dei eigentleg meiner. Det er altså den personlege fridomen til majoriteten det er snakk om. Å tråkke litt på minoritetar har ikkje noko å sei. Eg hugsar å ha høyrd «min fridom sluttar der din byrjar» i fleire debattar under valkampen, dei meinte openbart «min fridom er viktig, din er ikkje» eller noko sånn.

Når den norske kyrkja får 250 millionar kroner årleg øyremerka til trusopplæring skulle ein tru at det var nok til at dei kan lære opp dei av sine medlemmer som ynskjer det utan at ein må tvinge det på alle ved å gjere det obligatorisk i skulevesenet. Det burde ikkje vere naudsynt å minne om at Noreg vart dømt i den Europeiske menneskerettsdomstolen for KRL-faget, men det verkar som om KrF, Høgre og FrP ikkje synst det er så veldig viktig med menneskerettane så lenge majoriteten sitt syn blir ivareteke.

Me treng mindre konflikt rundt livssyn i skulen, ikkje meir, men både eg og andre er førebudd på å kjempe mot dette overtrampet så lenge det er naudsynt.