Eskild Hustvedt (arkivert blogg)

Sosialisme, humanisme, fri programvare og sånt

Gone Home: Årets vakraste speloppleving

Gone Home

2013 har vore eit sterkt år for spel som har vidareført forteljing innan spel, med både «The last of us» og «Beyond: Two Souls» som løfta forteljing til eit nytt nivå. Likevel er det eit spel av eit lite spelselskap med fire personar som slår begge, nemleg «Gone Home» laga av The Fullbright company.

Du er ei ung kvinne som kjem heim til USA etter ein tur rundt i Europa. Det nått til 7. juni 1995 og du kjem fram til eit tomt hus. Korkje den yngre systera di eller dine foreldre er heime, men du kjem deg likevel inn i huset. For å finne ut kva som har skjedd må du utforske huset. Gjennom brev, notat, dagbøker mm. kjem det fram ei historie om ein familie, og om ei tengåringsjente som veks opp.

Historia kjennast veldig personleg, vond, varm og vakker. Spelet klarte noko som ingen spel har klart før, nemleg å få meg til å få tårer i augene. Det er rimeleg kort, 2-3 timar, men på den tida engasjerte det meir enn dei fleste spel klarer på 10-20 timar.

Om du har den minste interesse for spel er dette eit du rett og slett må spele. Det er tilgjengeleg for Linux, Mac og Windows, anten direkte frå utviklaren eller på Steam. Kjøp det, finn tre timar for deg sjølv og spel gjennom det. Du vil ikkje angre.