Eskild Hustvedt (arkivert blogg)

Sosialisme, humanisme, fri programvare og sånt

Uetisk reservasjonsrett

Vår nye konservative regjering ynskjer å gje lækjarar ei rett (eller høve) til å reservere seg mot å «henvise» til abort. Med dette visar dei eit utdatert kvinnesyn og gjer seg sjølv til verkty for konservative religiøse. Dette er ikkje spesielt uventa, og var jo varsla allereie i regjeringserklæringa. Likevel reagerer eg på retorikken som vart nytta. Ein kastar rundt seg med ord som «respekt» og «etikk» så mykje at dei fullstendig mistar all meining.

Det er «tunge personlege etiske overtydingar» vart det sagt, og det er noko me visstnok skal respektere. Men ingen tør å sei kva desse «personlege etiske overtydingane» faktisk er. Eg studerer sjølv sjukepleie og har jo då etikk som fag, om eg hadde svart på eit etisk dilemma med «eg ville ikkje gjort det grunna tunge personlege overtydingar» ville eg ha fått stryk. Det har faktisk noko å seie kvifor ein gjer (eller ikkje gjer) noko. Men eg tenkjer meg grunnen til at dei kastar rundt seg med høgtflygande omgrep og nektar å faktisk gje den underliggjande grunnen er at då vil heile korthuset argumentasjonen deira står på falle saman.

Så la oss undersøkje dette litt. Kvifor bør dei få reservere seg? Jo, fordi det handlar om «liv og død». Greitt, då har ein definert eit foster som ikkje er levedyktig (eller ein blastocyst for den saks skuld) som eit «liv», og ei abort som at det då døyr. Lækjarane ynskjer ikkje å delta i å «drepe», og vil difor ikkje hjelpe til med abort. Dette vil då vidare tyde på at dei meiner at dei av deira pasientar som ynskjer abort er mordarar (ein er pr. definisjon ein mordar om ein drap eit anna menneske). Desse høge og etiske menneska går altså rundt og ser på deler av sine pasientar, som dei skal utøve omsorg og hjelp til, som mordarar.

Eller kanskje dei klarar å skilje mellom pasienten, kvinna som vel å ta abort, og handlinga, å utføre aborten. I så fall visar dei at dei er gode på kognitiv dissonans (ein vel å «drepe» nokon men er ikkje ein «mordar»). Ein skulle då kanskje tru at dei kunne, i yrkesetikkens namn om å gje best mogleg hjelp, nytte denne kognitive dissonansen til å skilje mellom det å hjelpe ei kvinne til å oppsøkje abort og det å delta på aborten. Men dette klarar dei altså ikkje.

Om abort er så vanskeleg at ein set sine eigne overtydingar føre pasienten si rett til god helsehjelp trur eg enkelt og greitt at ein ikkje passar som fastlækjar. Ein bør då finne seg noko anna å gjere, kanskje prøve å få seg jobb som sjukeheimslækjar? Erfaringsmessig er det veldig lite snakk om både abort og prevensjon på norske sjukeheimar.

Heile saka er skammeleg. Det er på tide at ein opnar augene og set pasienten fyrst. Me har sjølvbestemt abort i Noreg, og lækjarar står ikkje over norsk lov. Kvinna si rett til sjølvbestemt abort er absolutt, og eit lovforslag frå ein helseminister som undergrav dette (og som på toppen ikkje ein gang tør å seie kvifor) er skammeleg.