Eskild Hustvedt (arkivert blogg)

Sosialisme, humanisme, fri programvare og sånt

Høyringsfråsegn: Reservasjonsordning for fastlækjarar

Her er mitt hørinsgfråsegn sendt inn til helse- og omsorgsdepartementet.

HØYRINGSFRÅSEGN: RESERVASJONSORDNING FOR FASTLÆKJARAR

Viser til høyringsbrev datert 2014-01-21 om reservasjonsordning for fastlækjarar kor det framgår at andre som ikkje er oppført på høyringslista kan gi høyringfråsegn. Eg ber om at dette brevet vart registrert som høyringsfråsegn.

Høyringsnotatet om reservasjonsordninga datert 2014-01-21 drøftar i stor grad dei etiske innvendingane ein lækjar kan ha mot å «henvise» til abort, kalla «alvorleg samvitskonflikt knyta til liv og daud». Det som i mindre grad er dekka er kva som ligg bak desse eventuelle samvitskonfliktane, om det som ligg bak kan sameinast med praksis som fastlækjar, og ikkje minst kva den praktiske konsekvensen vil bli for den enkelte pasient.

Eg meiner det er på sin plass med ein viss refleksjon rundt kva omgrepet «alvorleg samvitskonflikt knyta til liv og daud» inneber. Sidan det er snakk om «liv og daud» må nødvendigvis noko vera i «live», og noko anna vere «daudt». Då det heile handlar om abort er det difor naturleg å gå ut frå at det som er i «live» er ein blastocyst, eit embryo eller eit foster (heretter kalla «foster»). Vidare følgjer det då at dette går over frå å vere i live til å vere daudt som følgje av ein abort, og at ein fastlækjar som «henviser» då sjølv ser på seg sjølv som medskuldig i dette «mordet» eller denne «avlivinga». Vidare, ettersom fastlækjarar har med menneske å gjere er det rimeleg å gå ut frå at ein då reknar dette fosteret som eit menneske. Om ein følgjer denne tankerekkja heilt ut kan ein då lett tenkje seg at reservasjonen er relatert til det fastlækjaren ser på som å bidra til å avlive eit menneske. Alle referansane til «aktiv dødshjelp» i høyringsbrevet indikerer for meg at dette er ei relativt uproblematisk tolking. Eg vil då gjerne vise til at abort ikkje berre er lovleg i Noreg, men at ei kvinne har ei lovfesta rett til å få utført abort. Som høyringsnotatet fleire ganger peiker på er «aktiv dødshjelp» ikkje lovleg, og det er sjølvsagt heller ikkje mord. Eit spørsmål det då kan vere naturleg å stille seg er om ein ynskjer at lækjarar som meiner at ei kvinne som får utført si lovfesta rett til abort er ein «mordar», eller for å nytte kanskje mindre ekstreme ord, bidreg til avliving av eit menneskje, skal få vere fastlækjarar på vår felles rekning? Dei har sjølvsagt sin fulle rett til å ha desse meiningane, men det er verdt å spørje om dei kan sameinast med ei stilling som fastlækjar. Etter min meining er svaret på dette eit soleklart nei.

Det er òg påfallande mangel på refleksjon rundt kva dette betyr for den enkelte pasient. Eg går ut frå at det er rimeleg semje om at å få utført ei abort ikkje nødvendigvis er ei enkel avgjerd å ta. Det kan vere ei veldig vanskeleg og sårbar situasjon å vere oppe i, spesielt for yngre jenter, som oftast har «arva» sine foreldre sin fastlækjar. Eg merkar meg at det er brukt tid på å finne måtar for jenter å byte fastlækjar, sjølv for dei mellom 14-16. Diverre baserer dette seg på at jenter mellom 14-16 aktivt tek eit standpunkt til abort før dei eventuelt er oppe i ein situasjon kor dei har behov for det, noko det vanskeleg kan tenkjast at dei fleste vil gjere, og det er heller ikkje lagt særleg vekt på korleis dei eventuelt skal finne ut av informasjon om fastlækjaren sitt standpunkt og deira høve til å byte. Sannsynlegvis vil dei ende opp i å møte opp hos fastlækjaren, men bli avvist. I ei allereie vanskeleg situasjon kan eg ikkje sjå for meg at ei moralsk fordømming av fastlækjaren (og det er vanskeleg å sjå på det som noko anna) vil hjelpe, sannsynlegvis vil det gjere vondt verre. Det er ein situasjon eg som mann aldri vil kome opp i, men som det berre trengst ei dråpe empati for å skjønne at kan vere særdeles vanskeleg. Ein oppsøkjer ein lækjar i vanskelege situasjonar, og då er det ei grunnleggjande rett å ikkje møte moralsk fordømming, uavhengig av alder, og uavhengig av om ein har eit på førehand avklart forhold til eventuell framtidig abort.

Eg stil meg undrande til at helse- og omsorgsdepartementet foreslår å setje ein lækjar sine personlege overtydingar over både ei kvinne si lovfesta rett til å få utført abort, og over det etiske og moralske ansvaret ein fastlækjar har til å hjelpe sine pasientar gjennom vanskelege situasjonar. Høyringsnotatet gjer det klart at fastlækjaren sitt høve til å utøve sin religions-, tanke- og samvitsfridom ikkje vart ivareteke av deira høve til å byte jobb. Samstundes gjer det same notatet det klart at det vil vere opp til den enkelte kommune å bestemme om det skal bli gitt høve til å reservere seg. Her er det noko som ikkje heng saman. Eg går ut frå at departementet er einig i at ein fastlækjar i Gryllefjord og ein fastlækjar i Bergen har same grunnleggjande rettar. Men likevel kan me få ein situasjon kor me har ein kommunal abortlov og eit kommunalt sett med rettar. Dette er eit kompromiss kor alle er taparar. Kvinnene tapar fordi dei risikerer moralsk fordømming. Fastlækjarane tapar fordi kommunen skal bestemme kva deira rett til religions-, tanke- og samvitsfridom skal vere, og fordi det vart uklart kva dei set fyrst, pasienten eller seg sjølv. Samfunnet taper fordi me lovfestar diskriminering og moralisme ovanfor halvparten av befolkninga.

Korkje ei «reservasjonsrett» eller eit «reservasjonshøve» høyrer heime i eit moderne Noreg. Lovfesta diskriminering er framleis diskriminering. Organisert moralisme er framleis moralisme. Eg ber helse- og omsorgsdepartementet om å stadfeste at pasienten alltid kjem fyrst i helsevesenet, og at kvinner har urokkeleg rett til sjølvbestemt abort. Dette kan bli gjort ved å trekkje forslaget om innføring av reservasjonshøve, og ved å setje i gang straksreaksjonar mot alle fastlækjarar som har «reservert» seg i strid med norsk lov. Det vil vere det etiske og moralske å gjere.

Med helsing
Eskild Hustvedt
Hjelpepleiar og sjukepleiarstudent