Eskild Hustvedt (arkivert blogg)

Sosialisme, humanisme, fri programvare og sånt

Usmakeleg «galskap» frå Mímir Kristjánsson

Mímir Kristjánsson har ein usmakeleg kommentar i NRK om det han tydeleg meiner er uverdig engasjement for det som jo berre er ein hund. Det er jo menneske som lid mange andre stader i verda, og då skal ein ikkje kunne engasjere seg for liding som går ut over dyr i Noreg. Det er så mange logiske brestar her at det er vanskeleg å vite kor ein skal byrje.

For det fyrste har liding i Gaza nøyaktig ingenting med dette å gjere, og det trur eg ikkje andre vil tenkje det har heller. Å forby engasjement for andre levande skapningar fordi det er menneske som lid høyras for meg ut som å vere omtrent på same linje som å forby ikkje-essensielle politiske investeringar i infrastruktur i Noreg fordi me kunne sendt pengane i bistand. Bybane? Nei, me kan ikkje investere i det fordi Gaza. Få eit eiga dyrevelferdstilsyn i Noreg separat frå Mattilsynet? Nei, fordi Gaza. Bry seg om at ein person ubegrunna skaut eit anna mennesket sitt kjøledyr? NEI, fordi Gaza.

Vidare samanliknar han hundar med romfolk, som om hund vs. romfolk nokonsinne har vore i konflikt. Dette ser ut til å vere i eit desperat forsøk på å konstruere ein reell konflikt mellom dyrevelferd og menneskeverd. Truleg nytta han «romfolk» for å setje ting endå meir på spissen, då han sjølv så at «ein framand person» ville vere ei latterleg samanlikning.

Kristjánsson kjem òg med ein referanse til at Hitler var vegetarianar. Eg klarar ikkje å sjå kva poenget med dette punktet skal vere, anna enn å få oppfylt «Godwin’s law» med ein gang. Det er fullstendig irrelevant for dagens diskusjon. Han klarar òg å dra inn 22. juli, og rotet er komplett. Dette i eit elles usamanhengande resonnement som prøver å tildele alle som engasjerte seg i denne saka eit syn om at dyr og menneske skal vere likestilt. Forutan at ein skal ha full rett i å faktisk meine at dyr og menneske skal vere likestilt, er dette like fullt å gå ut frå noko som openbart er feil om ei gruppe menneske som truleg berre har ein ting til felles: eit engasjement i denne saka.

Som ei fortsetjing på det same visar han til at bonden har blitt truga på livet, og dette må jo sjølvsagt alle dei som vågar å engasjere seg stå til rette for. På same måte som alle som gjekk i rosetog etter 22. juli må stå til rette for at somme ynska dødsstraff for A.B.B. (for å nytte eit like bisarrt resonnement som Kristjánsson). Det heng ikkje saman på nokon som helst måte.

Sluttproduktet av Kristjánsson sitt innlegg er å prøve å understreke kor fantastisk mykje betre og meir verdig hans engasjement er enn desse som valde å engasjere seg for ein hund. Denne moralismen frå ein person som skal vere ein sentral aktør på venstresida i Noreg kan ikkje gjere anna enn å drive folk bort frå venstresida og bidra til at ein fullstendig mistar all form for bakkekontakt.

For ordens skuld: eg er langt til venstre i Norsk politikk, eg engasjerer meg i Palestinarane si sak, og samstundes som dette klarar eg å engasjere meg i ein sak kor ein openbart ustabil person med skytevåpen har skote ein anna person sitt kjæledyr uprovosert rett føre auga på eigaren. Eg meiner engasjementet til dei som valde å gå i fakkeltog er flott. Samstundes meiner eg at engasjementet til alle Palestina-aktivistane i Noreg no er flott, og det heilt utan at desse engasjementa kjem i konflikt.