Eskild Hustvedt

Sosialisme, humanisme, fri programvare og sånt

Lappeteppe

Ah, kapitalisme i praksis. Sjansen til å vise oss på venstresida at me tar feil og at kapitalismen er eit fantastisk system som gangner oss alle! Eller?

Ta det holete lappeteppet man kallar bustadmarknad her i Noreg. Her har marknadskreftene fått herje fritt i lange tider no, så det burde vel vere eit kjempeeksempel på kor bra det fungerer. Og jammen har me tatt feil, for her er det lagt fantastisk godt til rette for at unge lett kan komme seg inn på bustadmarkedet. Man treng jo berre rike foreldre, og så er det i boks – null problem. Det fine er jo òg at verdien på ingen måte er kunstig oppblåst, og det er ingen fare for at heile teppet raknar dersom man kjem borti ein av trådane. Stabilitet og føreseielegheit er nøkkelord her.

Innvandringspolitiske hensyn

«Innvandringspolitiske hensyn» heiter det så fint. Det er grunnen til at 450 heilt ekte bårn skal kastast på hodet ut av Noreg. Eg kjem no nettopp heim frå torgallmenningen kvar eg og 100-vis av Bergenserar demonstrerte mot den Norske asylpolitikken. Det er godt å sjå så mange mennesker som stiller opp og er medmennesker for nokon som dei fleste ikkje kjenner personleg.

Men likevel sit eg no her litt spørjande. For no roper alle at politikarane må ta ansvar og settje ein stoppar for denne umennesklege politikken. Og sjølvsagt må dei gjere det, det skulle no berre mangle. Men her er problemet, det har seg ein gong sånn at dette er den politikken man har stemt fram, og skreket etter i fleire år. Vel, no er me der dykk ville, no veier «innvandringspolitiske hensyn» tyngre enn mennesklege. No er menneskene redusert frå ekte levende mennesker, til tal i statistikken – og den statisitikken skal ned, koste kva det koste vil, for dette får man veljarar av. Om det er noko eg skulle ynskje i dag er at alle dei som ikkje var på torgallmenningen ser litt på seg sjølv, og ser litt på kva resultata av det fiendtlege og tildels hatefulle synet på innvandrarar resulterar i.

Her må regjeringa ta ansvar. SV har sagt klart ifrå om kva me meiner, og no bør òg Jens Stoltenberg og Grete Faremo få augnene opp. Men, det er minst like viktig at alle som sit heime, du som veljar tek ansvar. Det er lett å kritisere no som ting stormer – det er jo heilt ekte mennesker det er snakk om. Men det går fort over i den same fiendtlege retorikken når dette har lagt seg.

Eg stemte SV i 2009, det betyr at eg kan stå med rak rygg, for eg stemte for ein menneskleg asylpolitikk. Om du stemte for den politikken som no føres har du ein sjanse til å endre det i 2013. Husk det, og ta ansvar.

Til slutt vil eg berre sei det som skulle vere sjølvsagt: Nathan og dei 449 andre bårna må få permanent opphald i Noreg. Me kan ikkje tillate at mennesker blir redusert til kun eit tal i ein statistikk. Det handlar enkelt og greit om å vere medmennesker. At me bur i verdas rikaste land er inga grunn til å bli egosentriske og fiendtlege – snarare tvert imot.

Lysbakken bør ikkje trekke seg

No som heile medie-Noreg prøver å grave opp kvart einaste SV-medlem som er skeptiske til Lysbakken føler eg for å stille opp med litt motvekt: Lysbakken bør ikkje trekkje seg. Han er og blir den beste leiarkandidaten me har.

Det blir påstått at det ikkje er mogleg å ha ein partileiar utanfor regjeringa. Ja, det vil nok by på nokre utfordringar – men eg vil gjerne minne om kven han skal leie. Han skal ikkje leie «den raud-grøne regjeringa, avd. venstresida», han skal leie Sosialistisk Venstreparti. No har det seg sånn at SV sit i regjering, men det tyr ikkje at regjeringa skal velje SV-leiar, eller at SV skal velje ein leiar med utgangspunkt i kva som passar regjeringa.

Det me skal gjere er å velje den beste leiaren for partiet. Eg meiner at det framleis er Audun Lysbakken. Det er ikkje å nekte for at han har gjort nokre feil, men han har stått opp og tatt ansvar for det – gjer det han til ein dårlegare leiar? Det trur eg ikkje. No som Kristin Halvorsen har uttrykt støtte til Audun påstår nokon òg at dette er på ein eller anna rar måte diktert av SV sentralt. Eg ynskjer lykke til med å prøve å dytte meg inn i den båsen.

Helgas landsmøte blir kanskje ikkje heilt det me hadde tenkt oss. Men me skal uansett velje leiar, og eg er like overbevist som eg lenge har vore om at me har funnet rett person: Audun Lysbakken.

«Fagbevegelsen, fagbevegelsen, fagbevegelsen»

«Fagbevegelsen, fagbevegelsen, fagbevegelsen». Den no rimeleg kjende mantraen frå Martin Kolberg lyder litt hult. I staden for at Arbeiderpartiet skal vere fagbevegelsens støttespelarar forventer no AP at fagbevegelsen skal vere deira støttespelarar, og då byrjar det å bli skummelt. Det virkar litt som om all logringa for EU har resultert i at AP har tatt av og fullstendig mista bakkekontakten.

Så, om arbeiderpartiet no dolkar fagbevegelsen fullstendig i ryggen er det kanskje på tide å kome til oss i SV. Me kan kanskje ikkje hindre det om AP trumfar det igjennom, men me kan ta ut kniven, gje såret tid til å gro, og så kan me samla stå saman ved neste val og kjempe med nebb og klør for eit anstendig arbeidsliv, og ein ekte raud-grøn regjering kvar hovudvekta ligg trygt plassert saman med fagbevegelsen ved at SV er det største partiet i regjering.

Dette er sjølvsagt sett på spissen, men om noko understrekar kor viktig det er for fagbevegelsen at man ikkje set sin lit i at arbeiderpartiet gjer det rette åleine er det dette.

«Men kvifor tek du berre opp AP i dette?». Vel, fordi at alle problema med direktivet har blitt dekket andre steder ganske godt allereie, og det som gjenstår er å la AP vise kva som er viktig, «EU, EU, EU» eller «fagbevegelsen, fagbevegelsen, fagbevegelsen». Eg veit kva eg meiner – no må dei tenkje seg godt om. Det er ingen skam å snu, men det er ein lang veg tilbake om man går for EU.

Om å auke status for yrkesfag

Det er ein del snakk om å auke statusen for yrkesfag for tida, noko som sjølvsagt er flott. Men problemet er ikkje kun status. Problemet er òg at man låser seg fast. Moglegheiten for nokon reell videre- eller etterutdanning er minimal, og man har like liten moglegheit til å gå videre. Eg kan ta meg sjølv som eksempel. Eg er utdanna hjelpepleiar. Om eg har eit ynskje om å gå vidare og utdanne meg til sjukepleiar har eg eit par val. Eg kan ta utdanninga i utlandet (t.d. Danmark eller England). Eg kan kaste bort ~1år på å ta allmennfagleg påbygg. Eg kan vente lenge for å komme inn på realkompetanse. Eller eg kan droppe utdanninga. Fleksibelt? Neppe.

Spesifikt for sjukepleiarutd. veit eg at man argumenterar med at for medisinrekning treng man matten frå allmennfagleg påbygg. Den er grei, og da kan man vel like greit ta alt?

Det man gjer med dette firkanta systemet er å redusere intensiver for å ta yrkesfagleg utdanning. Å vere hjelpepleiar er flott og givende (om litt dårlege lønnsforhold og stillingsbrøker, men det er ein anna sak). Men utdannar man seg til hjelpepleiar låsar man seg til det, eller legg til eit år (eller flytting) på utdanning til sjukepleiar. Man er nødt til å slutte å prøve å presse alle inn i den samme firkanten. Det er ikkje «one size fits all», svart/hvitt. Det er absolutt ingenting feil med å ha spesielle videreutdanningsløp for yrkesfag. Man er ikkje nødt til å gjere enten eller, mennesker er forskjellige, og yrkesfagleg vgs. bryr seg heller lite om det. Passar du ikkje inn i firkanten? Dytt litt meir.

Det er naudsynt å sjå nøye på det, og prøve å fjerne svart/hvitt generaliseringa. Hjelpepleiar som vil bli sjukepleiar? Ja då treng han meir matte, og når han har tatt det kan han søke. Det tas fantastisk lite hensyn til eksisterende kompetanse, og om man ikkje har allmenn, ja då har man ikkje noko val. Her er det noko som skurrar, og trengst å ryddast opp i.

Menneskene bak

No er det ikkje «asylsøkjarar». Det er ikkje «innvandrarar». Det er Marie Amelie. Eit heilt ekte menneske. Ho har kjensler, vener, meiningar. Det er på tide med ein endring i asylpolitikken i dette landet. Me er eit av verdas rikaste land, men me vil ikkje ha noko av «dei andre». Men no ser me menneskene bak dei skumle orda, og folk reagerar. No er det på tide å slutte å snakke om den «strenge» innvandringspolitikken, som om det er noko sjølvsagt, noko me må ha for å unngå at skumle innvandrarar kjem her og utnyttar vår gavmildhet. Her er noko som kanskje overraskar: dei er alle mennesker. Heilt ekte mennesker, som du, meg og Maria. Neste gang man ønsker å vere «strenge», slutt med distanseringsspråket. Ta eit lite minutt ut av dit eige liv og tenk kva du ville gjort om du hadde budd meir utsatte steder i verden. Tenk deg om ein ekstra gang at det er mennesker me snakkar om, mennesker som treng vår hjelp, og i tilfellet med dei såkalla «papirlause» – mennesker som faktisk har tilbrakt veldig lang tid i Noreg.

Marie Amelie er eit symbol for den umenneskelege (unnskyld, «strenge») innvandringspolitikken me har her til landet. Ho er langt ifrå den eineste, men ho er ei kvinne som tør å si ifra – og takken er at ho blir kasta ut av Noreg. Ut av syne, ut av sinn – det er så mykje greiere når alle desse «innvandrarane» berre blir på det fine papiret statistikken blir skrevet ut på, og der har dei berre med å halde seg.

Me gjer mykje bra her i landet, men måten me behandlar medmennesker i nød er ingenting anna enn skammeleg. Rettsikkerheitsprinsippet «uskyldig til det motsatte er bevist» gjeld ikkje om du søkjer hjelp, då antar me det verste fram til du kan bevise noko anna – og om du kan bevise noko anna, ja så antar me det likevel.

La Maria Amelie, og dei tusenvis av andre «papirlause» i Noreg få bli. Gjenopprett medmenneskelegheita og rettssikkerheita i asyl- og flyktningepolitikken.

Stem SV

Det er no det gjeld! Etter ein lang og bra valkamp er no dagen nesten her. 14. september gjelder det. No kan kvinner få lønn som fortjent, me kan få ein betre skule med plass til alle, me kan få verna Lofoten og Vesterålen frå potensielt katastrofal oljeutvinning og me veit at me har ein finansminister som kan lose Noreg trygt gjennom finanskrisa. Dette og mykje meir kan me få igjennom dei neste fire åra, men berre viss folk går ut og stemmar.

Om du framleis er usikker på kva du vil stemme, ta ein kikk på «Kvifor SV?», http://sv.no/ eller send meg ein e-post (til eskild krøllalfa zerodogg.org) og så skal eg svare så godt eg kan på alle spørsmål du har.

Bruk stemmeretten! Stem SV 14. September. Godt val.

Opp av sofaen!

No er valkampen så vidt kommet i gong. SV lanserte denne veka oppavsofaen.no, kvar du kan lage personlege talar med Kristin Halvorsen til vener, familie, kjente og tilfeldige folk som treng det. Dette er ein veldig enkel måte å bidra i valkampen, så viss du veit om nokon som kanskje kan trenge litt hjelp, send dei ein videotale om eit emne dei er interessert i.

Elles kan eg anbefale SV sine nettsider for meir utfyllande informasjon om SV sine meiningar.

Ein seier for personvernet

I dag kom nyheiten om at advokatfirmaet Simonsen ikkje får ny konsesjon til å overvake norske nettbrukarar. Dette er ein veldig gledeleg nyheit, som styrkar personvernet og rettsvernet i Noreg. Trond Giske er sjølvsagt raskt ute og mener at dette er feil, noko som får meg til å lure på kva AP faktisk står for, viss dei går inn for å overføre politioppgåver til private aktørar. Dette er direkte skummelt, og understrekar kor naudsynt det er med eit sterkt SV i den rødgrønne regjeringa for å veie opp mot AP. Eg vil anbefale eventuelle arbeiderpartiveljarar som ikkje vil overføre politimakt over til private til å ta ein vurdering av om dette er eit parti dei vil støtte til hausten, eller om SV vil vere eit betre val.

All ære til Datatilsynet for at dei endeleg har revurdert sitt gamle (og veldig tvilende) syn i denne saka og beskyttar Norske borgarar sitt personvern.

Historiar frå okkuperte Palestina

SV har sendt ein delegasjon til Israel og dei palestinske områda (som blir nekta tilgang til Gaza). Audun Lysbakken skriv daglege blogg-innlegg frå reisa. Det er tøff lesing, man får eit innblikk i kor forferdelege tilstandane er for det palestinske folket. Dagens innlegg, fire historier om okkupasjon skildrar fire historier frå den tøffe verkelegheita som er der nede.

Eg anbefaler alle å lese desse innlegga for å få eit lite innblikk i korleis desse menneskja har det.

Included file 'twitter_sharing.html' not found in _includes directory